Job 15:3-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. forsvara seg med gagnlaus tale,med ord som ikkje duger?

4. Sjølv gudsfrykta bryt du ned,det blir mindre ettertanke for Guds andlet.

5. Det er synda di som lærer opp munnen,du vel eit listig språk.

6. Munnen dømmer deg skuldig, ikkje eg.Leppene vitnar mot deg.

7. Vart du kanskje fødd som det første mennesket,vart du til før haugane var til?

8. Lytta du då Gud heldt råd?Heldt du visdomen for deg sjølv?

9. Veit du noko som ikkje vi veit?Forstår du noko som ikkje vi forstår?

10. For også mellom oss finst gråhåra og gamle,rikare på dagar enn din eigen far.

11. Er Guds trøyst og hans milde ordfor lite for deg?

12. Kvifor gjer hjartet deg uroleg?Kvifor himlar du med auga?

13. Du vender di ånd mot Gud,tek sterke ord i din munn.

14. Korleis kan eit menneske vera reintog ein som er fødd av ei kvinne, ha rett?

15. Gud stolar ikkje eingong på sine heilage,sjølv himmelen er ikkje rein i hans auge,

16. langt mindre eit avskyeleg og forderva menneskesom drikk urett som om det var vatn.

Job 15