21. Redslene syng i øyret hans,i fredstid kjem nokon for å herja.
22. Han har ikkje håp om å sleppa unna mørkret,han er utpeika til å falla for sverd.
23. Han streifar om etter brød – men kvar er det?Han veit at ein mørk dag står klar for han.
24. Naud og trengsle skremmer han,som stridsklare kongar overmannar dei han.
25. Han har lyft si hand mot Gudog strider mot Den veldige,
26. stormar mot han med krum nakkebak eit tjukt og boge skjold.
27. Andletet hans svulmar av feitt,han legg på seg rundt hoftene.
28. Men han må slå seg ned i øydelagde byarog i hus der ingen kan bu,hus som er dømde til å leggjast i røys.
29. Han blir ikkje rik, hans makt blir ikkje ståande;grøda bognar ikkje på jorda hans.
30. Han slepp ikkje unna mørkret;heten svir av dei friske skota,og munnen sluttar å pusta.
31. Ingen må stola på det som er tomt.Han blir ført vill, og tomt er det han får att.
32. Før dagen er omme,døyr greinene.
33. Han er lik ein vinstokk som mistar umogne druer,lik eit oliventre som kastar blomane.
34. Forsamlinga av ugudelege gjev inga frukt,elden øyder telta til dei som lèt seg kjøpa.
35. Dei unnfangar urett og føder vondskap,morslivet ber fram svik.