Job 14:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Kunne ein mann som døydde, få liv att,då skulle eg halda ut i stridenheilt til det kom avløysing for meg.

15. Då kunne du ropa, og eg ville svara,for du lengta etter dine henders verk.

16. Då ville du telja stega mineutan å vakta på mi synd.

17. Mine brot var bunta saman med segl,eit dekke drog du over mi skuld.

18. Men nei: Som fjellet fell og forvitrar,slik berg vik frå sin plass,

19. slik vatnet holar ut steinenog regnskurer skyl moldjorda bort,slik gjer du ende på håpet for mennesket.

20. Du overmannar han for alltid, og han må gå bort.Du sender han vekk med fordreia andlet.

21. Borna hans får ære, men han veit det ikkje,det går dei dårleg, men han anar det ikkje;

22. så stor smerte har han i kroppen,så stor sorg har han i livet.

Job 14