Job 14:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men når mannen døyr, er det ute med han;når mennesket går bort, kvar er det då?

11. Slik vatnet forsvinn frå sjøen,slik elva minkar og tørkar ut,

12. slik ligg mannen og reiser seg ikkje.Han vaknar ikkje om så himmelen forgår,han står ikkje opp frå søvnen.

13. Om du ville gøyma meg i dødsriket,løyna meg til vreiden din er over,setja ein frist og så igjen hugsa på meg!

14. Kunne ein mann som døydde, få liv att,då skulle eg halda ut i stridenheilt til det kom avløysing for meg.

15. Då kunne du ropa, og eg ville svara,for du lengta etter dine henders verk.

16. Då ville du telja stega mineutan å vakta på mi synd.

17. Mine brot var bunta saman med segl,eit dekke drog du over mi skuld.

18. Men nei: Som fjellet fell og forvitrar,slik berg vik frå sin plass,

Job 14