Job 13:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Kanskje blir dette mi redning,for ingen ugudeleg kan koma fram for han.

17. Lytt vel til talen min,lat forklaringa klinga i øyra!

18. Sjå, eg legg fram mi sak,eg veit at eg har rett.

19. Kan nokon vinna ei sak mot meg?Då vil eg teia og døy.

20. Skån meg berre for to ting,så slepp eg å løyna meg for deg:

21. Ta handa di bort frå meg,og lat ikkje redslene dine skremma meg!

22. Rop, så skal eg svara,eller lat meg tala, så svarar du!

23. Kvar er mi skuld og mine synder?Kunngjer mitt brot og mi synd!

24. Kvifor løyner du andletetog reknar meg som din fiende?

25. Vil du då skremma eit blad som blæs bort,forfølgja eit vise halmstrå?

26. Ditt klageskrift mot meg er bittert,du lèt meg bøta for min ungdoms synder.

27. Du set føtene mine i blokka.Du vaktar på alle mine stigar,merkjer av kvart fotspor.

28. Mennesket er som ròte,det blir utslite som mølletne klede.

Job 13