11. Skulle ikkje hans velde skremma dykk,hans skrekk falla over dykk?
12. Visdomsorda dykkar er oske,og svara dykkar er av leire.
13. Tei stilt og lat meg føra ordet,kva som enn skjer med meg!
14. Eg tygg på mitt eige kjøt,eg går med livet i hendene.
15. Han vil drepa meg, eg har ikkje noko håp,likevel vil eg forsvara mine vegar for hans andlet.
16. Kanskje blir dette mi redning,for ingen ugudeleg kan koma fram for han.
17. Lytt vel til talen min,lat forklaringa klinga i øyra!
18. Sjå, eg legg fram mi sak,eg veit at eg har rett.
19. Kan nokon vinna ei sak mot meg?Då vil eg teia og døy.
20. Skån meg berre for to ting,så slepp eg å løyna meg for deg:
21. Ta handa di bort frå meg,og lat ikkje redslene dine skremma meg!
22. Rop, så skal eg svara,eller lat meg tala, så svarar du!
23. Kvar er mi skuld og mine synder?Kunngjer mitt brot og mi synd!