Job 11:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:

2. Må ikkje ein slik ordflaum få svarså ikkje pratmakeren får rett?

3. Tomsnakket ditt får folk til å teia.Du spottar utan skam.

4. Du seier: «Min lærdom er rett.Rein er eg i dine auge.»

5. Berre Gud ville talaog opna leppene mot deg!

6. Då ville han fortelja deg visdomens løyndomarog gje deg dobbel innsikt:Vit at Gud lèt di skuld bli gløymd.

7. Kan vel du måla Gud,kan du kjenna Den veldiges grenser?

8. Høgare enn himmelen – kva kan du gjera?Djupare enn dødsriket – kva veit vel du?

9. Lengre enn jorda,breiare enn havet.

10. Om han dreg fram, sperrar inne og kallar saman,kven kan hindra han?

Job 11