5. Når dagane med festing var over, sende Job bod for å helga dei. Han stod tidleg opp om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild. For, som Job sa: «Kanskje har borna mine synda og spotta Gud i sitt hjarte.» Slik gjorde Job alltid.
6. Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Mellom dei var også Klagaren.
7. Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» og han svara: «Eg har streifa omkring på jorda.»
8. Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt.»
9. Men Klagaren svara: «Det er vel ikkje utan grunn at Job fryktar Gud?
10. Har du ikkje på alle vis verna om han og huset hans og alt han eig? Hans henders arbeid velsignar du, og buskapen hans breier seg i landet.
11. Men rett berre handa ut og rør ved alt som er hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.»
12. Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, alt han eig, er i di makt, men han sjølv får du ikkje leggja hand på!» Så gjekk Klagaren bort frå Herren.
13. Ein dag sat sønene og døtrene til Job og åt og drakk vin heime hos den eldste broren.
14. Då kom ein bodberar til Job og sa: «Medan oksane gjekk for plogen og eselhoppene beitte like ved,
15. overfall sabearane oss og tok dyra. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»
16. Medan han enno tala, kom ein annan og sa: «Ein Guds eld fall frå himmelen. Elden råka sauene og tenarane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»
17. Medan han enno tala, kom ein tredje og sa: «Kaldearane kom, delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»