1. Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.
2. Det folket som går i mørkret,ser eit stort lys.Over dei som bur i dødsskuggens land,strålar lyset fram.
3. Du lét dei jubla høgtog gjorde gleda stor.Dei gledde seg for ditt andletsom ein gleder seg over kornhausten,som ein jublar når krigsbyttet blir delt.
4. For åket som tyngde,stokken over skuldreneog staven til slavedrivarenhar du brote sund som på Midjans dag.
5. Ja, kvar støvel som trampa,og kvar kappe tilsølt med blodskal brennast og bli til føde for elden.
6. For eit barn er oss fødd,ein son er oss gjeven.Herreveldet er lagt på hans skulder.Han har fått namnetUnderfull rådgjevar, Veldig Gud,Evig far, Fredsfyrste.
7. Så skal herreveldet vera stortog freden utan endeover Davids trone og hans kongerike.Han skal gjera det fast og halda det oppemed rett og rettferdfrå no og for all tid. Herren over hærskarane skal gjera dettei sin brennande iver.
8. Eit ord har Herren sendt mot Jakob,det har slege ned i Israel.
9. Og dei har fått kjenna det, heile folket,Efraim og dei som bur i Samaria,dei som stolte og hovmodige sa:
10. «Teglsteinar har falle,vi byggjer opp att med tilhoggen stein.Morbærtre er felte,vi plantar sedrar i staden.»
11. Då gav Herren motstandaren deira, Resin, makt over deiog hissa opp fiendane deira,
12. aramearane frå austog filistrane frå vest.Dei fortærte Israel med vidopen munn.Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,handa er framleis lyft.
13. Men folket vende ikkje omtil han som slo det,dei søkte ikkje Herren over hærskarane.
14. Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,palmegrein og siv på éin dag.
15. Den eldste og den fornemme er hovudet,halen er profeten som lærer bort løgn.
16. Dei som leidde dette folket,førte dei vill,dei som skulle leiast, vart villeidde.