Jesaja 7:5-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt:

6. «Lat oss dra opp mot Juda og setja skrekk i det, leggja det under oss og gjera Tabeels son til konge der»,

7. så seier Herren Gud:«Det skal ikkje lukkast,og det skal ikkje skje.

8. For Damaskus er Arams hovud,og Resin er hovud i Damaskus– men om sekstifem år er Efraim knust,og det er ikkje lenger eit folk –

9. og Samaria er Efraims hovud,og son til Remalja er hovud i Samaria.Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»

10. Herren tala igjen til Ahas og sa:

11. «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!»

12. Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»

13. Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud?

14. Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.

15. Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode.

16. For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar.

Jesaja 7