Jesaja 5:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg vil syngja om min kjære ven,ein song om min ven og vingarden hans.Ein vingard hadde min kjære ven,med den feitaste jord.

2. Han hakka han opp,og han plukka stein,og han planta den finaste vinog bygde eit vakttårn i midten,også ei vinpresse hogg han ut.Så venta han seg gode druer,men beiske druer fekk han.

3. Og no, de som bur i Jerusalem,og de menneske i Juda:Døm mellom meg og vingarden min!

4. Kva meir kunne gjerast med vingarden minenn det eg alt hadde gjort?Kvifor venta eg meg gode druernår druene eg fekk, var beiske?

5. No skal eg seia dykkkva eg vil gjera med vingarden min.Eg tek bort gjerdet så han blir til beitemark,eg riv ned muren så han kan trakkast ned.

6. Eg skal gjera han til øydemark.Han skal ikkje skjerast og tynnast meir,men torn og tistel skal gro.Og eg skal nekta skyeneå la regnet falla på han.

7. For vingarden til Herren over hærskarane,det er Israels hus,og menneska i Judaer hans kjæraste hage.Han venta rett, men sjå, det kom blod,rettferd, men sjå, det kom skrik!

8. Ve dei som legg hus til husog føyer åker til åkerheilt til det ikkje er plass attog de er dei einastesom er busette i landet!

9. I mine øyre lyder det frå Herren over hærskarane:Sanneleg, mange hus skal bli aude,store og gode, men utan folk.

10. For ein vingard det tek ti dagar å pløya,gjev berre ein bat igjen,og ein homer såkorn gjev ein efa.

11. Ve dei som jagar etter sterk drikkfrå tidleg morgon av,som sit til seint på kveldog blir heite av vin.

12. Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyteog vin på festane sine,men Herrens gjerning merkar dei ikkje,dei ser ikkje kva hans hender har gjort.

13. Difor skal folket mitt dra i eksilfør dei veit av det,dei fremste skal svelta i helog folkemassen forgå av tørste.

14. Difor opnar dødsriket svelgetog sperrar opp munnen på vidt gap,og ned fer dei, både dei fornemme og massen,med sin larm og sin jubel.

15. Og mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra,dei stolte må slå auga ned.

16. Men Herren over hærskaraneer opphøgd i dommen,den heilage Gudviser seg heilag ved rettferd.

Jesaja 5