13. Herren svara:Fordi dei sveik mi lov,som eg la fram for dei.Dei høyrde ikkje på mi røystog følgde ikkje mi lov,
14. men dei følgde sitt sjølvrådige hjarteog Baal-gudane,slik fedrane deira hadde lært dei.
15. Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Sjå, eg gjev dette folket malurt å etaog giftig vatn å drikka.
16. Eg spreier dei mellom folkeslagsom korkje dei eller fedrane deira kjende.Eg sender sverdet etter deiheilt til eg har gjort ende på dei.
17. Så seier Herren over hærskarane:Ver forstandige! Tilkall gråtekonene,send bod på dei kunnige kvinnene!
18. Dei må skunda seg og koma,dei skal syngja klagesong over osstil tårer fell frå auga våreog vatn dryp frå augneloka våre.
19. Høyr, det lyder klagesong frå Sion:«Å, vi er øydelagde!Vår skam er stor.No må vi bort frå landet,for dei har rive heimane våre.»
20. Ja, kvinner, høyr Herrens ord,øyre, ta imot ordet frå hans munn!Lær døtrene dykkar ein klagesongog lær kvarandre ei likklage:
21. «Døden kom inn gjennom vindauga våreog gjekk inn i borgene vårefor å utrydda småborn i gata,unge menn på torga.»
22. Tal! Slik er ordet frå Herren:Lik av menneske skal fallasom gjødsel på marka,som kornband etter haustfolket,og det er ingen til å samla dei opp.
23. Så seier Herren:Den vise skal ikkje vera stolt av visdomen sin,den sterke skal ikkje vera stolt av styrken sin,den rike skal ikkje vera stolt av rikdomen sin.
24. Men den som vil vera stolt av noko,skal vera stolt av dette:at han har forstand og kjenner meg.For eg er Herrensom viser miskunn, rett og rettferd på jorda.Ja, slik vil eg ha det,seier Herren.
25. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg vil straffa alle som er omskorne på kroppen:
26. Egypt, Juda, Edom, ammonittane, Moab og alle som bur i ørkenen og har kortklipt hår ved tinningen. For alle folkeslaga er uomskorne, og heile Israels hus har uomskorne hjarte.