6. ikkje undertrykkjer innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje auser ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje følgjer andre gudar til skade for dykk sjølve,
7. då vil eg la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar, frå evig tid og til evig tid.
8. Sjå, de stolar på falske ord som ikkje kan hjelpa.
9. De stel, slår i hel, bryt ekteskapet, sver falskt, tenner offereld for Baal og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.
10. Og så vil de koma og stå for mitt andlet i dette huset som namnet mitt er ropa ut over, og seia: «Vi er berga», sjølv om de gjer alt dette avskyelege?
11. Har det vorte ei røvarhòle i dykkar auge, dette huset som namnet mitt er ropa ut over? Også eg kan sjå, seier Herren.