Jeremia 7:18-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, kvinnene knar deig for å baka offerkaker til Himmeldronninga, og dei auser ut drikkoffer til andre gudar. Slik krenkjer dei meg.

19. Men er det meg dei krenkjer, seier Herren, er det ikkje seg sjølv, er det ikkje deira eige andlet som får skamma over seg?

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og harme skal ausast ut over denne staden, over folk og fe, over trea på marka og frukta av jorda. Han skal brenna og ikkje slokna.

21. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Legg brennoffer til slaktoffera dykkar og et kjøt!

22. For eg sa ikkje noko om brennoffer og slaktoffer til fedrane dykkar, eg gav dei ikkje noko påbod om det då eg førte dei ut frå Egypt.

23. Men dette bodet gav eg dei: «Høyr på mi røyst, så skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.»

24. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Dei følgde sine eigne planar, sitt vonde og sjølvrådige hjarte. Dei gjekk bakover, ikkje framover.

25. Frå den tid då fedrane dykkar drog ut frå Egypt og heilt til denne dag har eg sendt alle mine tenarar profetane til dei, seint og tidleg.

26. Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyret til. Dei gjorde nakken stiv og var verre enn fedrane sine.

27. Når du seier alle desse orda til dei, kjem dei ikkje til å høyra på deg. Når du ropar til dei, kjem dei ikkje til å svara.

28. Då skal du seia til dei: «Dette er folkeslaget som ikkje ville lytta til Herren sin Guds røyst og ikkje ta lærdom. Det er slutt på truskapen, han er borte frå deira munn.»

29. Klipp håret av deg og kast det bort! Stem i ei likklage på dei snaue høgdene! Herren har forkasta og vraka den slekta han er harm på.

30. For judearane har gjort det som er vondt i mine auge, seier Herren. Dei har sett det motbydelege inn i det huset som namnet mitt er ropa ut over, og gjort det ureint.

Jeremia 7