Jeremia 52:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Då drog Nebukadnesar med heile sin hær mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret til Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og bygde ein voll rundt han.

5. Og byen var kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.

6. Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst og folket ikkje hadde meir mat,

7. braut fienden gjennom bymuren. Om natta flykta alle krigarane og forlét byen gjennom porten mellom dei to murane, ved kongens hage, endå kaldearane hadde kringsett byen. Og dei tok vegen mot Araba-sletta.

8. Men kaldearhæren sette etter kong Sidkia og nådde han att på slettene ved Jeriko. Då hadde heile hæren flykta frå han og var spreidd.

9. Kongen vart gripen og ført opp til Ribla i Hamat-landet, til kongen av Babel, som felte dommen over han.

10. Kongen av Babel drap sønene til Sidkia medan han såg på. Alle leiarane i Juda drap han òg der i Ribla.

11. Så stakk han ut auga på Sidkia. Kongen av Babel batt han med bronselenkjer og førte han til Babel. Der vart han halden i fengsel til sin døyande dag.

12. Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste mennene til Babel-kongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta.

13. Nebusaradan sette Herrens hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp.

14. Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem.

Jeremia 52