Jeremia 52:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem.

15. Så førte Nebusaradan i eksil nokre av dei fattigaste i folket og dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av handverkarane.

16. Berre ein del av dei fattigaste i landet lét Nebusaradan vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.

17. Kaldearane slo sund bronsesøylene i Herrens hus, vognstativa og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babel.

18. Dei tok oskefata og eldskuffene, lysesaksene, offerskålene og røykjelsesskålene og alt utstyr av bronse som hadde vore i bruk i gudstenesta.

19. Sjefen for livvakta tok òg med seg alt som var av gull og sølv: bollane og glopannene, offerskålene og oskefata, lysestakane, røykjelsesskålene og kannene til drikkofferet.

20. Dei to søylene, det eine havet, dei tolv bronseoksane under det og vognstativa som Salomo hadde laga til Herrens hus – alle desse tinga inneheldt så mykje bronse at dei ikkje kunne vegast.

21. Begge søylene var atten alner høge og tolv alner i omkrins. Dei var fire fingrar tjukke og hole.

22. Begge hadde eit søylehovud av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse. Slik var begge søylene.

Jeremia 52