Jeremia 51:33-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Dotter Babel er som ein treskjeplassnår han blir trampa ned.Det er berre ei lita stund att,så kjem hausttida for henne.

34. Kong Nebukadnesar av Babelhar ete meg, gjort ende på megog sett meg bort lik eit tomt kar.Som eit sjøuhyre slukte han meg,fylte magen med mitt beste kjøtog spytta meg ut.

35. Valden eg har kjent på kroppen,skal råka Babel,seier ho som bur i Sion.Lat mitt blod koma overdei som bur i Kaldea,seier Jerusalem.

36. Difor seier Herren:Sjå, eg fører di sakog tek hemn for deg.Eg legg havet hennar tørtog tørkar ut kjelda hennar.

37. Babel skal bli ei steinrøys,ein stad der sjakalar held til,lagd aud og gjord til spottså ingen kan bu der.

38. Alle brøler som unge løverog knurrar som løveungar.

39. Når dei blir heite,steller eg til eit drikkelag for dei.Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige,dei fell i ein evig søvnsom dei ikkje skal vakna frå,seier Herren.

40. Eg fører dei til slakting som lam,som vêrar og bukkar.

41. Teken er Sjesjak,hærteken er hosom var lovprisa over heile jorda!Ei skremsle har Babel vortemellom folkeslaga!

42. Havet har stige opp over Babel,ho er dekt av brusande bølgjer.

43. Byane hennar har vorte til ørken,til eit tørt og livlaust land.Ikkje eit menneske bur i dei,ingen dreg igjennom dei.

44. Eg straffar Bel i Babel.Det han har slukt,dreg eg ut or munnen hans.Folkeslag skal ikkje lengerkoma strøymande til han.Også Babels mur er fallen.

45. Mitt folk, far ut frå henne!Kvar og ein må berga sitt livfor Herrens brennande vreide.

46. Mist ikkje motet og ver ikkje reddenår rykta går i landet,eit rykte det eine åretog eit anna det neste.Vald rår på jord,og herskar står mot herskar.

47. Difor, sjå, dagar skal komadå eg straffar gudebileta i Babelså heile landet blir til skammeog alle der blir drepne og fell.

48. Himmel og jord og alt som er i dei,skal jubla over Babelnår dei som herjar,rykkjer inn frå nord,seier Herren.

49. De som vart drepne i Israel:Også Babel skal fallaslik dei som vart drepne over heile jorda,fall for Babels skuld.

50. De som slapp unna sverdet,far bort, bli ikkje ståande her!Hugs på Herren i eit land langt borteog tenk på Jerusalem!

Jeremia 51