Jeremia 51:15-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Han laga jorda med si kraft,han grunnla verda i sin visdomog spente ut himmelen ved si innsikt.

16. Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen,han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,han lagar både lyn og regn,han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

17. Alle menneske er dumme og uforstandige.Kvar gullsmed må skjemmast av gudebiletet sitt,for det støypte biletet hans er løgn.Det er ikkje ånd i dei.

18. Tomme er dei, eit verk til spott.Når straffa kjem, går dei til grunne.

19. Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,for det er han som formar alt.Israel er hans eigen stamme. Herren over hærskarane er hans namn.

20. Du er min hammar, mitt krigsvåpen.Med deg knuser eg folkeslagog øydelegg kongerike.

21. Med deg knuser eg hest og ryttar,vogn og køyrekar.

22. Med deg knuser eg mann og kvinne,gammal og ung,gut og jente.

23. Med deg knuser eg gjetar og buskap,bonde og oksar for plogen,statthaldarar og stormenn.

24. Framfor auga dykkartek eg att mot Babelog mot alle som bur i Kaldeafor alt det vonde dei gjorde mot Sion,seier Herren.

25. Sjå, eg kjem mot deg, du øydeleggjarfjell,seier Herren,du som øydelegg heile jorda.Eg lyfter handa mot deg,velter deg ned frå klippeneog gjer deg til eit utbrent fjell.

26. Ingen skal ta stein frå degtil hjørnestein eller grunnmur,for du skal bli til ørken for alltid,seier Herren.

27. Lyft banneret på jorda,blås i horn mellom folkeslaga,helga folkeslaga til strid mot Babel!Kall kongerike saman mot henne,Ararat, Minni og Asjkenas.Set ein hærførar mot henne!Lat hestar rykkja framsom bustete grashopper!

28. Helga folkeslagatil strid mot henne,kongane og statthaldarane i Media,alle stormennene derog kvart land i riket.

29. Jorda skjelv og vrir seg,for no fullendar Herren planane han har mot Babel:å gjera landet Babel til ei øydemarkder ingen kan bu.

Jeremia 51