27. Gjorde ikkje du Israel til latter?Vart han kanskje teken mellom tjuvar,sidan du rister på hovudetkvar gong du snakkar om han?
28. Far bort frå byaneog slå dykk ned i fjellet,de som bur i Moab!Gjer som dua, ho byggjer seg reiri sidene av det gapande gjelet.
29. Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,kor høg han er, kor hovmodig og stolt,kor overmodig han er.
30. Eg veit, seier Herren,kor frekk han er,og kor tomt han skryter.Tomt er det dei gjer.
31. Difor sørgjer eg over Moab,skrik for heile Moabs skuld.Ein sukkar over mennene frå Kir-Heres.
32. Eg græt meir over degenn over Jaser, du vinstokk i Sibma.Rankene dine spreidde seg mot sjøen,dei nådde til sjøen ved Jaser.Over din frukthaust og vinhaustkjem han som herjar.
33. Glede og jubel er bortefrå hagane, frå Moabs land.Eg gjer ende på vinen frå vinpressene.Ingen trakkar vindruer til glade rop,ingen ropar dei ropa.
34. Skriket frå Hesjbon når til Elale,heilt til Jahas lyder ropet,frå Soar til Horonajimog til Eglat-Sjelisjia.For jamvel Nimrim-vatnet blir til ørkenland.
35. I Moab, seier Herren,gjer eg ende på deisom går opp på hauganeog tenner offereld for guden sin.
36. Difor klagar mitt hjartesom ei fløyte over Moab,mitt hjarte klagar som ei fløyteover mennene frå Kir-Heres.For tapt er alt det dei hadde att.
37. Kvart hovud er snauklipt,alt skjegg er raka av.Alle har rispa opp hendeneog har sekkestrie om hoftene.
38. På alle tak og torg i Moab lyder klage.For eg har slege Moab sundlik eit kar som ingen bryr seg om,seier Herren.
39. Knust er ho. Skrik!Moab har snudd ryggen til i skam.No blir Moab til latter og til redslefor alle grannane sine.
40. For så seier Herren:Sjå, han stuper som ei ørnog breier vengene ut over Moab.