Jeremia 48:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om Moab.Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Ve Nebo! Byen er øydelagd.Kirjatajim har vorte til skamme, innteken,borga har vorte til skamme, slegen av redsle.

2. Ingen skryter av Moab lenger.I Hesjbon la dei vonde planar mot dei:«Kom, lat oss rydda dei ut som folk!»Også du, Madmen, skal tagna,sverdet skal forfølgja deg.

3. Høyr klageropet frå Horonajim,der er øydelegging, eit stort samanbrot.

4. Moab har brote saman,frå borna høyrest klagerop.

5. Gråtande går dei opp bakkane til Luhit.På vegen ned til Horonajimhøyrest rop i naud over samanbrotet:

6. «Flykt, berg livet!»Men de blir som ein busk i ørkenen.

7. Fordi du leit pådet du hadde laga,og på skattane dine,skal du òg bli teken.Kemosj må gå i eksilog prestane og stormennene med han.

8. Han som herjar, kjem til kvar ein by,ikkje ein by slepp unna.Dalen skal gå til grunneog sletta leggjast i øyde,slik som Herren har sagt.

9. Gjev Moab ein blom,for det skal leggjast i ruinar.Byane skal bli aude,ingen skal bu i dei.

Jeremia 48