Jeremia 46:3-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Gjer rundskjold og langskjold i standog rykk ut til strid!

4. Sel på, stig til hest, de ryttarar,still opp med hjelmane på,gjer spyda blanke, ta brynjene på!

5. Men kva må eg sjå?Dei blir gripne av skrekkog trekkjer seg tilbake.Krigarane deira blir slegne,dei flyktar utan å sjå seg tilbake.Redsle rår på alle kantar,seier Herren.

6. Den raske kan ikkje flykta,krigaren kan ikkje berga seg.Der nord, ved bredda av Eufrat,der snublar dei og fell.

7. Kven er det som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer?

Jeremia 46