Jeremia 46:21-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Leigesoldatane hennarer som gjødde kalvar,dei snur om og flyktar saman,dei held ikkje ut.For over dei er ulukkedagen komen,rekneskapens tid.

22. Ho kveser lik ein slange som glir bort,for dei rykkjer fram med ein hær.Dei kjem mot henne med øksarsom tømmerhoggarar.

23. Dei høgg skogen hennar ned, seier Herren,han har vorte for tett.Dei er fleire enn grashopper,dei er utan tal.

24. Dotter Egypt blir til skamme,ho blir overgjeven til folket i nord.

Jeremia 46