1. Herrens ord som kom til profeten Jeremia om folkeslaga.
2. Om Egypt.Om hæren til farao Neko, kongen i Egypt, som stod ved Karkemisj ved elva Eufrat, og som vart slegen av Babel-kongen Nebukadnesar i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
3. Gjer rundskjold og langskjold i standog rykk ut til strid!
4. Sel på, stig til hest, de ryttarar,still opp med hjelmane på,gjer spyda blanke, ta brynjene på!
5. Men kva må eg sjå?Dei blir gripne av skrekkog trekkjer seg tilbake.Krigarane deira blir slegne,dei flyktar utan å sjå seg tilbake.Redsle rår på alle kantar,seier Herren.
6. Den raske kan ikkje flykta,krigaren kan ikkje berga seg.Der nord, ved bredda av Eufrat,der snublar dei og fell.
7. Kven er det som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer?
8. Det er Egypt som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer.Det sa: «Eg vil stiga og løyna jorda,gjera ende på byar og dei som bur der.