Jeremia 44:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet kom til Jeremia om alle judearane som budde i Egypt, i Migdol, Tahpanhes, Nof og Patros:

2. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De har sjølve sett alt det vonde eg lét koma over Jerusalem og alle byane i Juda. Sjå, i dag ligg dei aude, og ingen bur i dei.

3. Det er fordi dei gjorde så mykje vondt, dei gjorde meg rasande då dei gjekk og tende offereld for å dyrka andre gudar som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent.

4. Eg sende alle tenarane mine, profetane, til dykk seint og tidleg for å seia: «Gjer ikkje dette avskyelege som eg hatar!»

5. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til så dei kunne venda om frå vondskapen sin og halda opp med å tenna offereld for andre gudar.

6. Difor auste eg harmen og vreiden min ut over byane i Juda og gatene i Jerusalem så dei vart til ruinar og ørken, som dei er i dag.

Jeremia 44