Jeremia 43:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jeremia var ferdig med å seia til folket alle dei orda som Herren deira Gud hadde sendt han med – alle desse orda,

2. då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei skamlause mennene, til Jeremia: «Det er løgn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg for å seia: Far ikkje til Egypt for å slå dykk ned som innflyttarar der.

3. Det er Baruk, son til Neria, som set deg opp mot oss for at vi skal koma i hendene på kaldearane, og så kan dei drepa oss eller føra oss i eksil til Babel.»

4. Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren og bli verande i Juda.

5. Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og som ville slå seg ned som innflyttarar i Juda.

Jeremia 43