4. Dagen etter at Gedalja var drepen, før nokon visste om det,
5. kom det åtti menn frå Sikem, Sjilo og Samaria. Dei hadde raka skjegget, rive sund kleda og rispa seg opp. Dei hadde med seg grødeoffer og røykjelse som dei skulle bera fram i Herrens hus.
6. Då gjekk Ismael, son til Netanja, ut frå Mispa for å møta dei. Han gret der han gjekk, og då han møtte dei, sa han til dei: «Kom og bli med til Gedalja, son til Ahikam!»