7. Ebed-Melek frå Kusj, ein hoffmann som var på slottet, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brønnen. Kongen sat då i Benjamin-porten.
8. Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen:
9. «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brønnen, og der kjem han til å døy av svolt, for det finst ikkje lenger brød i byen.»
10. Då sa kongen til kusjitten Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå og dra profeten Jeremia opp or brønnen før han døyr.»
11. Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn på slottet, til rommet under skattkammeret. Der henta han filler og gamle og utslitne klede og firte dei ned i brønnen til Jeremia med tau.
12. Så sa kusjitten Ebed-Melek til Jeremia: «Ta desse fillene i armholene og legg taua under armane!» Jeremia gjorde det,
13. og dei drog han opp med taua og fekk han ut or brønnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.
14. Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og henta han til den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til Jeremia: «Eg har noko å spørja deg om. No må du ikkje løyna noko for meg.»
15. Jeremia sa til Sidkia: «Talar eg rett ut, vil du sikkert drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.»
16. Då svor kong Sidkia i løynd for Jeremia: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss dette livet: Eg vil ikkje la deg døy og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»
17. Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til Babel-kongens hærførarar, skal du berga livet, og denne byen skal ikkje brennast ned. Både du og ditt hus skal få leva.
18. Men gjev du deg ikkje over til Babel-kongens leiarar, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene deira.»
19. Kong Sidkia sa til Jeremia: «Eg er redd dei judearane som har gått over til kaldearane. Gjev dei meg over i deira hender, kjem dei til å mishandla meg.»