Jeremia 38:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Leiarane sa til kongen: «Denne mannen må døy, for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar slike ord til dei. For denne mannen søkjer ikkje fred for dette folket, men ulukke.»

5. Kong Sidkia svara: «Sjå, han er i dykkar hender. For kongen kan ikkje gjera noko med dykk.»

6. Då tok dei Jeremia og kasta han i brønnen til kongssonen Malkia i vaktgarden. Dei firte han ned med tau. Det var ikkje vatn i brønnen, men gjørme, og Jeremia sokk ned i gjørma.

7. Ebed-Melek frå Kusj, ein hoffmann som var på slottet, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brønnen. Kongen sat då i Benjamin-porten.

8. Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen:

9. «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brønnen, og der kjem han til å døy av svolt, for det finst ikkje lenger brød i byen.»

10. Då sa kongen til kusjitten Ebed-Melek: «Ta med deg tretti mann herifrå og dra profeten Jeremia opp or brønnen før han døyr.»

11. Ebed-Melek tok mennene med seg og gjekk inn på slottet, til rommet under skattkammeret. Der henta han filler og gamle og utslitne klede og firte dei ned i brønnen til Jeremia med tau.

12. Så sa kusjitten Ebed-Melek til Jeremia: «Ta desse fillene i armholene og legg taua under armane!» Jeremia gjorde det,

13. og dei drog han opp med taua og fekk han ut or brønnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.

Jeremia 38