Jeremia 38:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då svor kong Sidkia i løynd for Jeremia: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss dette livet: Eg vil ikkje la deg døy og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»

17. Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til Babel-kongens hærførarar, skal du berga livet, og denne byen skal ikkje brennast ned. Både du og ditt hus skal få leva.

18. Men gjev du deg ikkje over til Babel-kongens leiarar, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene deira.»

19. Kong Sidkia sa til Jeremia: «Eg er redd dei judearane som har gått over til kaldearane. Gjev dei meg over i deira hender, kjem dei til å mishandla meg.»

20. Jeremia svara: «Dei kjem ikkje til å overgje deg. Lyd berre Herrens ord som eg talar til deg, så skal det gå deg godt, og du skal få leva.

21. Men nektar du å gje deg over, så har Herren synt meg dette:

22. Sjå, alle kvinnene som var att i slottet til kongen av Juda, vart førte ut til Babel-kongens leiarar. Dei song:Dine vener har leidd deg villog fått deg i si makt.Dine føter sokk ned i gjørma,dei trekte seg tilbake.

23. Alle kvinnene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men Babel-kongens hand skal gripa deg, og byen skal brennast ned.»

24. Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen, elles skal du døy.

25. Når leiarane får høyra at eg har snakka med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen! Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg! Kva sa kongen til deg?

26. Men då skal du svara dei: Eg bar mi bøn fram for kongen om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus for å døy der.»

27. Alle leiarane kom til Jeremia og spurde han ut, og han svara dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred, for ingen hadde høyrt noko.

28. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.

Jeremia 38