Jeremia 38:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sjefatja, son til Mattan, Gedalja, son til Pasjhur, Jukal, son til Sjelemja, og Pasjhur, son til Malkia, høyrde orda som Jeremia tala til alt folket:

2. Så seier Herren: Den som blir verande her i byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få leva. Han skal få livet sitt som krigsbytte og leva vidare.

3. Så seier Herren: Denne byen skal gjevast over til hæren til Babel-kongen, som skal ta han.

4. Leiarane sa til kongen: «Denne mannen må døy, for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar slike ord til dei. For denne mannen søkjer ikkje fred for dette folket, men ulukke.»

5. Kong Sidkia svara: «Sjå, han er i dykkar hender. For kongen kan ikkje gjera noko med dykk.»

6. Då tok dei Jeremia og kasta han i brønnen til kongssonen Malkia i vaktgarden. Dei firte han ned med tau. Det var ikkje vatn i brønnen, men gjørme, og Jeremia sokk ned i gjørma.

7. Ebed-Melek frå Kusj, ein hoffmann som var på slottet, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brønnen. Kongen sat då i Benjamin-porten.

8. Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen:

9. «Herre konge, det er vondt, alt det som desse mennene har gjort mot profeten Jeremia. No har dei kasta han ned i brønnen, og der kjem han til å døy av svolt, for det finst ikkje lenger brød i byen.»

Jeremia 38