Jeremia 36:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, då kom dette ordet til Jeremia frå Herren:

2. Ta ein bokrull og skriv ned alle dei orda eg har sagt til deg om Israel og om Juda og om alle folkeslag, frå den første dagen eg tala til deg i kong Josjias dagar og fram til i dag.

3. Når Judas hus får høyra om alt det vonde eg har tenkt å gjera mot dei, vender dei kanskje om frå sine vonde vegar, og då vil eg tilgje dei deira synd og deira skuld.

4. Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han.

Jeremia 36