1. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
2. Gå til huset til rekabittane og tal til dei! Ta dei med deg til eit av romma i Herrens hus og gjev dei vin å drikka!
3. Då tok eg med meg Jaasanja, son til Jeremia, Habasinjas son, brørne hans og alle sønene hans og heile huset til rekabittane.
4. Eg tok dei med inn i Herrens hus, i rommet til sønene av gudsmannen Hanan, son til Jigdalja. Det låg attmed rommet til leiarane, ovanfor rommet til dørvaktaren Maaseja, son til Sjallum.
5. Så sette eg fram mugger fulle av vin og drikkebeger for rekabittane. Eg bad dei drikka av vinen.
6. Men dei svara: Vi drikk ikkje vin. For far vår, Jonadab, son til Rekab, har forbode oss det og sagt: «De skal aldri drikka vin, korkje de eller borna dykkar.
7. De skal ikkje byggja hus eller så korn og ikkje planta eller eiga vinmarker. I telt skal de bu alle dykkar dagar, så de kan leva lenge i det landet der de er innflyttarar.»
8. Sidan har vi vore lydige mot alt det far vår Jonadab, son til Rekab, baud oss: I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre.
9. Vi har ikkje bygd hus til å bu i, og vi har korkje vinmarker, jorder eller såkorn,