Jeremia 33:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. då innbyggjarane kom i strid med kaldearane og husa deira vart fylte med lik, den gongen eg slo dei ned i vreide og harme:Eg har vendt andletet bort frå denne byen på grunn av all deira vondskap.

6. Sjå, eg lèt såra hennar gro og lækjer henne. Så lækjer eg dei og openberrar ein rikdom av fred og tryggleik for dei.

7. Eg vender lagnaden for Juda og Israel og byggjer dei opp som i den første tid.

8. Eg reinsar dei for all skuld og tilgjev dei alle syndene og lovbrota dei gjorde mot meg.

9. Byen skal bli til ære og glede for meg, til pris og pryd mellom alle folkeslag på jord, dei skal høyra om alt det gode eg gjer for dei, og skjelva i ærefrykt for all den lukke og fred eg skaper for dei.

10. Så seier Herren: De seier at denne staden er aud, utan menneske og dyr, byane i Juda og gatene i Jerusalem er aude, ikkje eitt menneske bur der, ikkje eitt dyr, men endå ein gong skal det høyrast

Jeremia 33