Jeremia 33:24-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Har du ikkje sett kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Dei vanærar folket mitt fordi dei ikkje lenger ser på det som eit folk.

25. Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve skipnader for himmel og jord,

26. vil eg støyta frå meg etterkomarane til Jakob og tenaren min David og ikkje ta nokon av dei til herskarar over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.

Jeremia 33