Jeremia 33:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han enno sat fengsla i vaktgarden:

2. Så seier Herren, som skapte jorda, Herren, som forma og grunnfeste henne, Herren er hans namn:

3. Rop på meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting som du ikkje kjenner til.

4. For så seier Herren, Israels Gud, om husa i denne byen og om husa til Juda-kongen, dei som vart rivne ned for å brukast til vern mot vollar og sverd

Jeremia 33