Jeremia 31:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk.

2. Så seier Herren:Det folket som slapp unna sverdet,har funne nåde i ørkenen.Israel skal dra av stad og finna ro.

3. Frå det fjerne synte Herren seg for meg:Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel,difor har eg heile tida vist deg miskunn.

4. Endå ein gong vil eg byggja deg,du skal byggjast opp att.Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommeneog gå ut i latter og dans.

5. Endå ein gong skal du planta vinmarkerpå fjella i Samaria,og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk.

Jeremia 31