1. På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2. Så seier Herren:Det folket som slapp unna sverdet,har funne nåde i ørkenen.Israel skal dra av stad og finna ro.
3. Frå det fjerne synte Herren seg for meg:Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel,difor har eg heile tida vist deg miskunn.
4. Endå ein gong vil eg byggja deg,du skal byggjast opp att.Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommeneog gå ut i latter og dans.
5. Endå ein gong skal du planta vinmarkerpå fjella i Samaria,og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk.
6. Ja, det kjem ein dagdå vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet:Kom, lat oss dra opp til Sion,til Herren vår Gud!
7. Så seier Herren:Bryt ut i jubel og glede for Jakob,rop høgt for det fremste av folkeslag!Lat lovsong lyda, og sei:«Herre, frels ditt folk,Israels rest!»
8. Sjå, eg fører dei tilbake frå landet i nord,eg samlar dei frå ytste enden av jorda.Mellom dei er både blinde og halte,gravide og fødande kvinner;dei vender attende i store flokkar.
9. Dei kjem med gråt,eg leier dei med trøyst.Eg fører dei til rennande bekker,på jamn veg der dei ikkje snublar.For eg er ein far for Israel,og Efraim er min førstefødde son.
10. Høyr Herrens ord, de folkeslag!Forkynn det til fjerne kystar og sei:Han som spreidde Israel,skal samla og vakta detsom ein gjetar vaktar sin flokk.
11. For Herren har fria Jakob utog kjøpt han frifrå hender som er sterkare enn hans.
12. Dei skal koma og jubla på Sion-høgda,stråla av glede over Herrens gode gåver:korn og ny vin og fin olje,sauer og oksar.Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage,dei skal ikkje lenger lida naud.
13. Då skal jomfrua gleda seg i dansen,unge menn saman med dei gamle.Eg vender sorg til fryd for dei,trøystar og gleder dei som klagar.
14. Eg gjev prestane rikeleg med feittog mettar mitt folk med gode gåver,seier Herren.