Jeremia 3:3-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Difor vart regnskurene haldne tilbake,og vårregnet kom ikkje.Du hadde panna til ei hore,og du nekta å skamma deg.

4. Sanneleg, no ropar du til meg:«Min far, du er min ungdoms ven.

5. Vil han vera vreid til evig tid,vil han alltid gøyma på sin harme?»Det seier du, men du har handla vondtog det til gagns.

6. Herren sa til meg i kong Josjias dagar:Har du sett kva den fråfalne Israel har gjort? Ho gjekk opp på kvar høg haug og inn under kvart frodig tre og dreiv hor der.

7. Eg tenkte: «Når ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho koma tilbake til meg.» Men ho kom ikkje att.Dette såg Juda, den trulause systera hennar.

8. Og ho såg at eg sende bort den fråfalne Israel fordi ho braut ekteskapet, og at eg gav henne skilsmissebrev. Den trulause systera Juda vart ikkje redd. Ho òg gjekk bort og dreiv hor.

9. Med sitt lettsindige horeliv vanhelga ho landet; ho braut ekteskapet med stein og tre.

10. Og trass i alt dette vende den trulause systera Juda ikkje attende til meg av heile sitt hjarte; ho berre lét som ho gjorde det, seier Herren.

11. Herren sa til meg: Den fråfalne Israel er meir rettferdig enn den trulause Juda.

12. Gå og rop ut desse orda mot nord:Vend attende, du fråfalne Israel!seier Herren.Eg er ikkje lenger sint på dykk,for eg er trufast,seier Herren.Eg er ikkje vreid til evig tid.

13. Berre innsjå di skuld.For du har gjort opprør mot Herren din Gud.Du baud deg fram for framandeunder kvart frodig tre.Du høyrde ikkje på mi røyst,seier Herren.

14. Kom tilbake, de bortkomne søner! seier Herren. For eg er herre over dykk. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei slekt, og føra dykk til Sion.

15. Så gjev eg dykk gjetarar som er etter mitt hjarte, og dei skal gjeta dykk med kunnskap og forstand.

16. I dei dagane, seier Herren, når de blir mange og er fruktbare i landet, skal dei ikkje lenger seia «Herrens paktkiste» og ikkje tenkja på henne. Dei skal ikkje minnast henne eller leita etter henne, og det skal ikkje lagast noka ny.

Jeremia 3