Jeremia 29:23-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. For dei gjorde skammelege gjerningar i Israel, braut ekteskapet med konene til kvarandre og tala usanne ord i mitt namn. Det hadde eg ikkje pålagt dei. Eg er han som veit det og kan vitna om det, seier Herren.

24. Til Sjemaja frå Nehlam skal du seia:

25. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja, son til Maaseja, og til alle dei andre prestane om at

26. Herren har sett deg til prest etter Jojada, så det kan vera tilsynsmenn i Herrens hus for alle desse som er frå vitet og driv og profeterer; du skal setja dei i gapestokk og halsjern.

27. No, kvifor trugar du ikkje Jeremia frå Anatot, han som driv og profeterer for dykk?

28. For no har han sendt brev til oss i Babel og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta!»

29. Dette brevet las presten Sefanja opp medan profeten Jeremia høyrde på.

30. Då kom Herrens ord til Jeremia:

31. Send bod til alle dei som er i eksil: Så seier Herren om Sjemaja frå Nehlam: Sjemaja har profetert for dykk utan at eg har sendt han, og han har fått dykk til å stola på løgn.

32. Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Nehlam og hans ætt. Ingen av ætta hans skal få bu mellom dette folket og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt, seier Herren. For han har forkynt fråfall frå Herren.

Jeremia 29