Jeremia 29:15-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Men de seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babel.»

16. Så seier Herren om kongen som sit på Davids trone, og om alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje gjekk i eksil saman med dykk,

17. så seier Herren over hærskarane: Sjå, eg sender sverd og svolt og pest imot dei og gjer dei lik sprokne fikenar som er så dårlege at dei ikkje kan etast.

18. Eg forfølgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til ei redsle for alle rike på jord, til forbanning og gru, spott og vanære mellom alle dei folkeslag eg har drive dei bort til.

19. For dei ville ikkje lyda mine ord, seier Herren, endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra, seier Herren.

20. Men høyr no Herrens ord, alle de som eg har sendt frå Jerusalem til eksil i Babel!

21. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, om Ahab, son til Kolaja, og om Sidkia, son til Maaseja, som profeterer løgn for dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev dei over i hendene på Nebukadnesar, kongen av Babel. Han skal drepa dei framfor auga på dykk.

22. Dei skal bli brukte som forbanning mellom alle frå Juda som er i eksil i Babel: «Måtte Herren gjera deg lik Sidkia og Ahab, som kongen av Babel steikte på bålet!»

23. For dei gjorde skammelege gjerningar i Israel, braut ekteskapet med konene til kvarandre og tala usanne ord i mitt namn. Det hadde eg ikkje pålagt dei. Eg er han som veit det og kan vitna om det, seier Herren.

24. Til Sjemaja frå Nehlam skal du seia:

25. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja, son til Maaseja, og til alle dei andre prestane om at

26. Herren har sett deg til prest etter Jojada, så det kan vera tilsynsmenn i Herrens hus for alle desse som er frå vitet og driv og profeterer; du skal setja dei i gapestokk og halsjern.

27. No, kvifor trugar du ikkje Jeremia frå Anatot, han som driv og profeterer for dykk?

28. For no har han sendt brev til oss i Babel og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta!»

29. Dette brevet las presten Sefanja opp medan profeten Jeremia høyrde på.

30. Då kom Herrens ord til Jeremia:

31. Send bod til alle dei som er i eksil: Så seier Herren om Sjemaja frå Nehlam: Sjemaja har profetert for dykk utan at eg har sendt han, og han har fått dykk til å stola på løgn.

Jeremia 29