1. Dette er orda i brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att i eksil, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført i eksil frå Jerusalem til Babel;
2. det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene og leiarane i Juda og Jerusalem og handverkarane og smedane.
3. Han sende brevet med Elasa, son til Sjafan, og Gemarja, son til Hilkia, som Juda-kongen Sidkia sende til Babel-kongen Nebukadnesar i Babel:
4. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, til alle som eg har ført i eksil frå Jerusalem til Babel:
5. Bygg dykk hus og bu i dei, planta dykk hagar og et frukta!
6. Ta dykk koner og få søner og døtrer! Ta koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. Der skal de bli fleire og ikkje færre.
7. De skal fremja fred for den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han har fred, har de òg fred.
8. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hos dykk, og høyr ikkje på draumane de drøymer!
9. For dei profeterer løgn for dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, seier Herren.
10. Så seier Herren: Når sytti år er gått for Babel, skal eg sjå til dykk. Då skal eg oppfylla min gode lovnad for dykk og føra dykk tilbake til denne staden.
11. For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.