4. Og Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og dei frå Juda som kom i eksil til Babel, skal eg føra tilbake til denne staden, seier Herren, for eg bryt åket til kongen av Babel.»
5. Då svara profeten Jeremia profeten Hananja framfor auga på prestane og alt folket som stod i Herrens hus.
6. Profeten Jeremia sa: «Amen! Måtte Herren gjera slik! Måtte Herren oppfylla orda du profeterer og føra utstyret frå Herrens hus og alle som er i eksil, tilbake frå Babel til denne staden.
7. Høyr berre dette ordet som eg seier medan du og heile folket høyrer på:
8. Dei profetane som var i gamle dagar, før deg og meg, profeterte krig og ulukke og pest for mektige land og store rike.
9. Når ein profet profeterer fred, må ordet til profeten gå i oppfylling for at ein skal vita at han verkeleg er ein profet send av Herren.»
10. Då tok profeten Hananja åket av nakken på profeten Jeremia og braut det sund.