10. De skal ikkje gråta over den dødeog ikkje sørgja over han.Gråt heller over han som drog bort,for han skal ikkje koma att,han får aldri meir sjå sitt fødeland.
11. For så seier Herren om kong Sjallum av Juda, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin:Han som fór bort frå denne staden,skal aldri venda attende.
12. For han skal døy på den stadender han er i eksil,og dette landet skal han aldri meir få sjå.
13. Ve han som byggjer sitt hus med urettferd,sine loftssalar med urett.Han lèt sin neste arbeida utan betalingog gjev han ikkje løna han skal ha.
14. Han seier: «Eg vil byggja eit stort husmed romslege loftssalar.»Så høgg han ut vindauge,kler huset med sedertre og målar det raudt.
15. Blir du konge av å vera besttil å byggja med sedertre?Far din åt og drakkog gjorde det som er rett og rettferdig,og då gjekk det han godt.
16. Han felte rett domfor hjelpelause og fattige,og det gjekk han godt.Det er å kjenna meg,seier Herren.
17. Men du har ikkje auge og hjartefor anna enn urett vinning,for å ausa ut uskuldig blod,for å undertrykkja og mishandla.
18. Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda, son til Josjia:Ingen held sørgjehøgtid over han og ropar:«Å ve, min bror! Å ve, mi syster!»Ingen held sørgjehøgtid og ropar:«Å ve, herre! Å ve, majestet!»
19. Han får gravferd som eit esel,han skal slepast og slengjast bortutanfor Jerusalems portar.
20. Gå opp på Libanon og skrik ut,rop høgt i Basan,skrik ut frå Abarim-fjella,for alle elskarane dine er knuste.
21. Eg tala til deg då alt gjekk godt,men du sa: «Eg vil ikkje høyra.»Det var din veg frå ungdomen av,for du ville ikkje høyra på mi røyst.
22. Vinden skal gjeta alle gjetarane dine,elskarane dine skal førast bort som fangar.Då får du skam og vanære attfor alt det vonde du har gjort.
23. Du som bur på Libanonog har bygd reir i sedertrea,kor du stønnar når smertene kjem over deg,rier som hos ei fødande kvinne!
24. Så sant eg lever, seier Herren: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.