Jeremia 16:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Du skal ikkje gifta deg med noka kvinne og ikkje få deg søner og døtrer på denne staden.

3. For så seier Herren om sønene og døtrene som blir fødde på denne staden, om mødrene som føder dei, og om fedrane som får dei i dette landet:

4. Dei skal døy av dødelege sjukdomar, dei får inga sørgjehøgtid eller gravferd, dei skal bli til gjødsel på jorda. Sverd og svolt skal ta dei, og lika skal bli til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

5. Så seier Herren: Du skal ikkje gå i sørgjelag, du skal ikkje ta del i klaga og ikkje visa teikn på sorg! For min fred har eg teke frå dette folket, seier Herren, min truskap og mi miskunn.

6. Store og små skal døy i dette landet, dei skal ikkje få noka gravferd eller sørgjehøgtid. Ingen skal rispa seg opp eller raka seg snau for deira skuld.

7. Ingen skal bryta brød for å trøysta den som sørgjer over ein død, eller skjenkja han eit beger til trøyst for far eller mor.

8. Du skal heller ikkje gå i gjestebod for å sitja i lag med dei og eta og drikka.

9. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, rett framfor auga dykkar, i dykkar dagar, gjer eg ende på lyden av jubel og glede og røysta til brudgom og brur på denne staden.

10. Når du kunngjer alle desse orda for dette folket, kjem dei til å seia til deg: «Kvifor byd Herren at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva er vår skuld, kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?»

Jeremia 16