Jeremia 14:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Du Israels von,du frelsar i trengselstid,kvifor er du som ein framand i landet,ein ferdamann som berre stansar ei natt?

9. Kvifor er du som ein rådvill mann,ein krigar som ikkje kan frelsa?Du er midt imellom oss, Herre,namnet ditt er nemnt over oss.Gå ikkje frå oss!

10. Så seier Herren om dette folket:Dei likar å streifa ikring,dei sparer ikkje føtene.Men Herren bryr seg ikkje om dei.No vil han hugsa deira skuldog straffa dei for deira synder.

11. Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå godt for dette folket!

12. Når dei fastar, høyrer eg ikkje på klageropa deira, og når dei ber fram brennoffer og grødeoffer, bryr eg meg ikkje om dei. For med sverd og svolt og pest skal eg gjera ende på dei.

13. Då sa eg: Å, min Herre og Gud, sjå, profetane seier til dei: «De skal ikkje sjå sverd, og svolt skal ikkje råka dykk, for eg vil gje dykk sann fred på denne staden.»

Jeremia 14