Jeremia 13:21-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Kva vil du seianår tiltrudde menn som du sjølv har lært opp,blir sette til befalingsmenn over deg?Då blir du gripen av riersom ei fødande kvinne.

22. Du seier i hjartet:«Kvifor skal dette henda meg?»På grunn av di store skuldvart kjolekanten lyft oppog lemene utsette for vald.

23. Kan ein frå Kusj skifta si hudeller ein leopard sine flekker?Då kunne òg de gjera godt,de som er lærte opp til å gjera vondt.

24. Eg skal spreia dei lik halmstråsom fyk av stad med ørkenvinden.

25. Det blir din lut,den del eg måler opp for deg,seier Herren,fordi du gløymde megog sette di lit til løgn.

26. Eg skal sjølv lyfta kjolekantenopp over andletet på degså dei kan sjå di skam,

27. ditt ekteskapsbrot, di vrinskingog ditt skamlause horeliv.Eg såg det motbydelege du dreiv medpå haugane og ute på marka.Ve deg, Jerusalem, du som ikkje reinsar deg!Kor lenge skal dette vara?

Jeremia 13