Jeremia 13:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»

2. Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.

3. Då kom Herrens ord til meg andre gongen:

4. «Ta beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ein bergsprekk.»

5. Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.

6. Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!»

Jeremia 13