5. Og eg vil halda eiden eg svor for fedrane dykkar, å gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, slik det er i dag.Då svara eg: «Amen, Herre!»
6. Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei!
7. Eg åtvara fedrane dykkar den dagen eg førte dei ut frå Egypt, og til denne dag har eg åtvara dei seint og tidleg: «Høyr på meg!»
8. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Alle følgde sitt vonde og eigenrådige hjarte. Då lét eg alle orda i denne pakta koma over dei, den pakta eg hadde bode dei å halda, men som dei ikkje heldt.
9. Herren sa til meg: Det er ei samansverjing mellom mennene i Juda og hos dei som bur i Jerusalem.
10. Dei har vendt attende til syndene til dei første fedrane sine som nekta å lyda orda mine. Dei følgde andre gudar og tente dei. Israels og Judas hus har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.