Hosea 6:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kom, lat oss venda om til Herren!For han reiv sund, men vil gjera oss friske,han slo, men vil forbinda oss.

2. Han gjer oss levande etter to dagar,den tredje dagen reiser han oss opp,så vi kan leva for hans andlet.

3. Lat oss læra å kjenna Herren,lat oss jaga etter å kjenna han!Sikkert som soloppgangen kjem han,han kjem til oss lik regnet,lik vårregnet som væter jorda.

4. Kva skal eg gjera med deg, Efraim?Kva skal eg gjera med deg, Juda?Kjærleiken dykkar er som ei morgonsky,lik dogg som tidleg blir borte.

5. Difor har eg hogge dei ned ved profetane,drepe dei med ord frå min munn.Min dom skal gå opp som lyset.

6. For eg vil ha kjærleik, ikkje slaktoffer,gudskjennskap framfor brennoffer.

Hosea 6