1. Israel var ein frodig vinstokksom bar mykje frukt.Jo meir frukt,dess fleire altar.Jo betre land,dess betre steinstøtter.
2. Sleipt er hjartet deira,no må dei ta på seg skulda.Han skal bryta ned altara deiraog slå sund steinstøttene.
3. No må dei seia:«Vi har ingen konge,for vi har ikkje frykta Herren.Og kongen, kva kan han gjera for oss?»
4. Dei har tala tomme ord,svore falskt og gjort pakter.Retten blømersom giftplanter i plogfòrene.
5. Dei som bur i Samaria,er redde kalven i Bet-Aven.Folket hans sørgjer over han,og avgudsprestane klagar,for hans herlegdom er bortført.
6. Han skal òg førast til Assursom gåve til storkongen.Skam skal Efraim få,Israel skal bli til skammepå grunn av planane sine.